Eg passerar polarsirkelen
Ein mann på toget peikar på steintårni i fjelli, me
passerar polarsirkelen, segjer han.
For det fyrste merkar me ikkje nokon skilnad,
landet er det same nordanfor,
men me veit kva me gjeng mot.
Eg hadde ikkje fest meg ved denne vesle hendingi,
urn eg ikkje ein av dagane hadde passert dei 70.
(Back to "Two Poems" by Olav H. Hauge)